IKT FRAMSIDE

Velkomen til Fjell kommune sin plan for øving av digitale ferdigheiter i grunnskulen.

IKT-planen for Fjellskulen er basert på den gjeldande nasjonale læreplanen (Kunnskapsløftet, LK06) sin definisjon av digitale ferdigheiter og kompetansemål i dei ulike faga knytt opp til dette. Det er også døme på ulike digitale verktøy som lærarar og elevar kan nytte seg av i arbeid med kompetansemåla.

I følge Kunnskapsløftet skal digitale ferdigheiter vere ein viktig del av grunnskuleopplæringa. Læreplanen definerer å kunne bruke digitale verktøy som ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitane.

I læreplanen er digital grunnleggende ferdighet definert på denne måten: » ..å kunne velge, vurdere og bruke informasjon. Dette innebærer at elevene skal kunne søke, lokalisere, behandle, produsere, gjenbruke, presentere og evaluere informasjon, samt kommunisere og samhandle med andre. Juridiske og etiske utfordringer knyttet til internettbruk er et sentralt element av digitale ferdigheter.»